Lokaldemokrati gjev innbyggjarane høve til sjølv å velgje dei lokale leiarane sine, og gjennom det påverke den lokale samfunnsutviklinga meir direkte. Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Meland er 7 politiske parti og ei samarbeidsliste (Raudt, Sv og Sosialdemokratar i Meland) representert i kommunestyret som har 27 medlemmar. Kommunestyret har møte omlag 8 gongar i året. Sjå også "Reglement for Meland kommunestyre". Formannskapet består av 7 medlemmer frå kommunestyret og utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov, og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/ gjeve formannskapet fullmakt til å avgjera. Utval for drift og utvikling og Utval for levekår har 9 medlemmer valde for den kommunale valperioden av kommunestyret. Utvala arbeider med sine respektive arbeidsområde innafor den kommunale verksemda. Utval for drift og utvikling er også kommunen sitt planutval. Sjå også:
|