Glemt Passord?

Bevaring og kassasjon av valmateriell

24.1 Innleiing  Vallova § 15-2 gjeld oppbevaring, avhending og tilinkjesgjering av valmateriell. Etter denne føresegna skal alt valmateriell når valet er over, behandlast i samsvar med føresegnene i arkivlova og forskrifta gitt i samsvar med denne lova. Det vil derfor vere arkivfaglege omsyn som bestemmer korleis valmateriellet skal behandlast når valet er avslutta. Det er viktig å skilje mellom valmateriell som har vore i bruk, og valmateriell som er ubrukt. 118  

24.2 Ubrukt valmateriell  Valmateriell som ikkje har vore i bruk, kan ikkje vurderast som arkivmateriell. Slikt materiell fell inn under føresegnene om arkivavgrensing gitt i forskrift til arkivlova av 11. desember 1998 nr. 1193 (arkivforskrifta) § 3-19. Dette gjeld både ubrukte konvoluttar, ubrukte stemmesetlar og ubrukte manntalseksemplar.

24.3 Brukt valmateriell  For valmateriell som har vore i bruk, har Riksarkivaren (i brev av 9. september 2003 på førespurnad frå departementet) med heimel i arkivlova § 9 fastsett at følgjande materiell kan kasserast:  

24.3.1 Konvoluttar  Både stemmesetelkonvoluttar og omslagskonvoluttar – anten dei er forkasta eller godkjende – kan kasserast på ein trygg måte når valresultatet er endeleg. Departementet går ut frå at det same må gjelde for omslag til stemmegivingar som blir lagde i særskilt omslag.  

24.3.2 Stemmesetlar  Stemmesetlar som er forkasta, kan kasserast på ein trygg måte når valresultatet er endeleg. Stemmesetlar som er godkjende, skal derimot oppbevarast til valperioden er over, før dei kan kasserast på ein trygg måte. Det er ikkje nødvendig å oppbevare stemmesetlar på papir i 4 år, dersom dei opptalde stemmesetlane kan oppbevarast like trygt på eit elektronisk medium. EVA Skanning gjer ikkje biletefilar av dei godkjende stemmesetlane tilgjengelege, og har ikkje funksjonar til å trekke dette ut frå databasen. EVA Skanning lagar alle tellingar som er gjennomførte. Dette inkluderer også tellingar som er overførte til EVA Admin, men som ikkje blir godkende, tellingar som aldri blir overførte og tellingar som blir utførte og sletta etterpå. Det medfører at all skanning blir lagra i EVA Skanning. Dette vil ikkje gi eit rett bilete av dei godkjende stemmesetlane, då desse i mange tilfelle vil vere å finne frå fleire skanningar. Departementet anbefaler derfor at stemmesetlane blir arkiverte på ein trygg måte på papir i 4-årsperioden, dersom ikkje dei opptelde stemmesetlane kan oppbeverast like trygt på eit anna elektronisk medium enn EVA, som ikkje er eit sak- og arkiveringssystem. Kva medium dette til ei kvar tid er, vil vere ei arkivfagleg vurdering etter arkivlova og arkivforskrifta sine bestemmingar.  

24.3.3 Valkort  Valkorta kan tilinkjesgjerast på ein trygg måte når valresultatet er endeleg. 

24.3.4 Avkryssa manntalslister  Avkryssingsmanntalet skal oppbevarast til to valperiodar er over, før det kan kasserast på ein trygg måte.

https://www.regjeringen.no/contentassets/328b3cb156974d358f63319277a52837/valhandbok_2017_nn.pdf