Glemt Passord?

Backuprutine

Backupstrategi

Bakupstrategi av sentalt serverutstyr.

Omfang:
Dokumentet omhandlar skildring av strategi og rutine for backup av servere som vert drifta av IKT Nordhordland. Tenesta er levert av IKTNH omfattar reservekopiering med moglegheit for tilbakekopiering av servere, filer og epost. 

Som ein del av katastrofe beredskapen er det sett opp løysing der virtuelle servere vert replikert på disknivå mellom to datarom.

For reservekopiering på tenestenivå (filserver, filer, databasar og e-post) vert det nytta ei diskbasert løysing etter følgjande oppsett: 

Type reservekopiering

Frekvens

Oppbevaringstid

 

Varierer mellom 1-3 timar på dagtid.

Månadskopi: Eitt år tilbake

Endringar

Varierer med omsyn til type data og driftsmessige forhold

Ukeskopi: Siste 3 veker
Dagskopi: Siste 90 dagar
Timeskopi: Siste 2 dagar

 

Oppbevaring: All reservekopiering skjer til disk. Reservekopi løysinga er plassert på to ulike lokasjonar. 

Ansvar: IKTNH har ansvar for at reservekpirutinane vert følgt. Dei er som følgjer:

  • Dagleg:        Det vert teke reservekopi fleire gongar kvar dag
  • Dagleg:        Det skjekkast status på reservekopi
  • Månadleg:    Tilbakekopiering vert testa

Oppsett
Løysinga som nyttast er Dell Data Protection Rapid Recovery.

Generell prosedyre for tilbakekopiering
Brukarane er sjølv ansvarlege for reservekopi av data dei lagrar lokalt på eige maskin.

  • Brukar rapporterer hendingar i brukarstøttesystemet.
  • Respons på hendinga i forhold til prioritering på saka.

                Kva data gjekk tapt når?

                Få tak i info om filer: full sti med server, dato/tidspunkt, tapt/feil og sist lagra OK

                Bla i liste over filer og marker aktuelle filer

  • Køyr tilbakekopiering

Gjeldande og i inntil 2 år frå 06.12.2018.