Glemt Passord?

Arkivrutine for vigselsaker

Alle som skal gifte seg borgarleg etter 2018 må henvende seg til kommunen. 

Frå årsskiftet 2018 er det ikkje lenger mulig å gifte seg i tinghuset. Vigselsmynde er overført frå tingrettene og Oslo byfogdembete til kommunane. Det følgjer av ein lovendring som trådde i kraft frå 1. januar 2018.

Ekteskapsloven

Forskrift om kommunale vigslar

Forskrift om registrering og melding av vigsel

Forskrift om endring i forskrift om registrering og melding om vigsel

 

I sak og arkivsystemet Acos WebSak er det oppretta ein eigen arkivdel for vigselsaker (VIG), med eigen graderingskode (VI). Arkivdel vert ikkje publisert på nett.

Det skal vere ei arkivsak pr. vigsel.

Tittel på arkivsak linje 1;  Vigsel

Tittel på linje 2; Fornamn Etternamn og Fornamn Etternamn

Klassering – k-kode – C84

Klassering – Fødselsnummer dame

Klassering – Fødselsnummer mann (ved same kjønn, den yngste først)

Alle dokumenter i arkivdel VIG skal graderast med UO, VI §13.

Arkivsak vert oppretta når det vert levert ein original prøvingsattest. Kopi og skanna attest per e-post vert ikkje godtatt.

Prøvingsattesten skal ikkje stemplas, vert skanna og levert til ansvarleg for vigsel.

Vigselattest/vigselbok er i same dokument som prøvingsattest, men i rubrikken  «Melding om vigsel/Vigslebok».  Denne skal signerast under seremonien av brureparet , to vitne og den som vigslar. Brudeparet får med seg ein kopi som vert den "mellombels vigselattest".

Sentralarkiv får original som vert skanna inn i arkivsaka. Original vert oppbevart i arkivboks på dagarkiv. Servicekontoret har ansvar for å senda inn kopi av original prøvingsattest til Folkeregisteret.

 

Rutinar, prosedyrar, info. frå sentralt m.m.  vert handtert i sakarkiv, arkivdel SAK.