Glemt Passord?

Rutine for handsaming av politiattest ved tilsetjing i stilling

Lover og forskrifter som regulerer om me har lov til å arkivera politiattestar, er ulike innanfor dei ulike tenesteområde. Journalføringsplikta i arkivforskrifta går føre alle andre lovar, - me må dokumentera/journalføra at me har motteke politiattest.

Politiattest er «ferskvare» og me må krevja politiattest for kvar gong det vert tilsett ein person i einingar/tenesteområde der det er pålagt med ein slik attest. Skal den tilsette byta stilling i kommunen, skal ein be om ny attest.

Den som får kjennskap til opplysningar gjennom ein politiattest, pliktar å hindra at uvedkommande får tilgang eller kjennskap til desse. Lovbrot kan straffast etter straffelova § 121.

Omfang

Etter opplæringslova, barnevernslova, barnehagelova, og helsepersonellova,-innhentar ein politiattest før tilsetjinga (vikarar og faste) til stillingar på følgjande tenesteområde i Øygarden kommune: 

Tenesteområde

Rutine

Heimel

Merknad

Skuler, SFO og kulturskule

Gjeld og kontorpersonell, reinhaldspersonale og vaktmeistar.

Personalkonsulent fyller ut skjema/mal «stadfesting politiattest» i WebSak på den tilsette si «arbeidstilhøve» arkivsak i arkivdel PERS.

Attesten skal makulerast.

Det skal ikkje krevjast politiattest av skuleelevar frå ungdomsskule eller vidaregåande skule som har praksis.

Opplæringslova § 10-9 og forskrift til opplæringslova § 15-4.

 

Barnehagar

Gjeld og kontorpersonell, reinhaldspersonale og vaktmeistar.

Personalkonsulent fyller ut skjema/mal «stadfesting politiattest» i WebSak på den tilsette si «arbeidstilhøve» arkivsak i arkivdel PERS.

Attesten skal makulerast.

Det skal ikkje krevjast politiattest av skuleelevar frå ungdomsskule eller vidaregåande skule som har praksis.

Barnehagelova § 19 og forskrift om politiattest etter barnehagelova § 5.

 

Helsepersonell

Gjeld og støttekontaktar eller andre som utfører ei oppgåve for kommunen.

Personalkonsulent fyller ut skjema/mal «stadfesting politiattest» i WebSak på den tilsette si «arbeidstilhøve» arkivsak i arkivdel PERS.

Attesten skal makulerast.

Helsepersonellova § 20a og

Helse og omsorgstenestelova.

Gjeld og personar på arbeidsmarkedstiltak, retta mot utviklingshemma.

Arbeidsmarkedslova § 21

Barnevern

Gjeld og støttekontaktar, tilsynsførarar og personar som utfører ei oppgåve for barnevernstenesta som ledd i hjelpetiltak.

Personalkonsulent fyller ut skjema/mal «stadfesting politiattest» i WebSak på den tilsette si «arbeidstilhøve» arkivsak i arkivdel PERS.

Politiattesten skal skannast inn som vedlegg på journalposten.

Attesten skal makulerast når den tilsette sluttar i stillinga.

Barnevernslova § 6-10 og forskrift om politiattest etter barnevernslova § 8.

NB! Ulike type politiattestar etter funksjon.

Kulturinstitusjonar

Personar som skal gjere oppgåver i kulturinstitusjonar som inneber eit tillitstilhøve eller ansvarstilhøve andsynes mindreårige eller personar med utviklingshemjing.

Personalkonsulent fyller ut skjema/mal «stadfesting politiattest» i WebSak på den tilsette si «arbeidstilhøve» arkivsak i arkivdel PERS.

Attesten skal makulerast.

Politiregisterforeskrifta § 34-16, jamfør Politiregisterlova § 39 (1).

 

Arkivhandsaming og informasjonstryggleikssystem

Personar som skal tilsetjast i verksemd som ivaretek arkivhandsaming og informasjonstryggleikssystem for offentlege og private verksemder når det er naudsynt av tryggleiksomsyn. Endring i ein tilsett si stilling eller arbeidsoppgåver gjer at tryggleiksmessige orsaker tilseier at det vert lagt fram ny politiattest.

Personalkonsulent fyller ut skjema/mal «stadfesting politiattest» i WebSak på den tilsette si «arbeidstilhøve» arkivsak i arkivdel PERS.

Attesten skal makulerast.

Politiregisterforeskrifta § 34-9.

 

Brannvesen

Tilsetjing i brannvesenet. Tenesteplikt i brannvesenet. Personell i verksemd som etter avtale heilt eller delvis gjer brannvesenet sine oppgåver.

Personalkonsulent fyller ut skjema/mal «stadfesting politiattest» i WebSak på den tilsette si «arbeidstilhøve» arkivsak i arkivdel PERS.

Attesten skal makulerast.

Brann- og eksplosjonsvernlova §18.

 

Sjå og fullstendig detaljert liste frå Politiet.

Politiattest - Føremål

Utlysing

Det må verta opplyst om krav til politiattest i utlysingane til desse stillingane.

Intervju

Søkjarar som vert innkalla til intervju, må i intervjuet verta informerte om at før ein vert tilsett må det leverast godkjent politiattest.

Krav til attest

Attest skal berre krevjast av den søkjaren som vert tilbydd stillinga. Det vert sendt med ein mal for søknad til politiet, med tilbodsbrevet. Attesten skal ikkje vera eldre enn tre månader.

Innhald i attesten

Politiattesten skal visa om vedkommande er sikta, tiltala, ilagt førelegg eller er dømt for brot på dei lover i straffelova som går fram av dei ulike lovene den tilsette vert underlagt. Overføring til konfliktråd, påtalefråfall og bortlagte siktingar og tiltala skal ikkje framgå av attesten. For utferding av attest gjeld lov av 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering og forskrift av 20. desember 1974 nr. 4 om strafferegistrering med dei unntak og presiseringar som går fram av lovverket.

Kven kan krevja attest

Det er tilsettingsmyndigheita som kan krevja politiattest. Den som vert tilbydd stillinga, sender politiattesten så snart den ligg føre, innan 3 veker. Dersom ikkje attesten vert lagt fram innan rimeleg tid, vert vedtaket om tilsetjing oppheva.

Oppbevaring av attestar

Attestane skal makulerast når den tilsette har teke til i stillinga. Her er det unntak for barnevernet. Sjå rutine for dei ulike tenesteområda.

 

Skjema - Stadfesting på føremål