Systemeigaren
Det er Systemeigaren som har det administrative og økonomiske ansvaret for ei eventuell innsynsløysing. Når eit fagsystem døyr – er det Systemeigaren og brukarane av fagsystemet som ser eventuelle behov for fortsatt tilgang til data frå dette gamle systemet. I mange tilfeller blir behovet for innsyn i gamle data dekka gjennom migrering av desse dataene frå det gamle systemet til det nye systemet. Men når dette ikkje er mogleg - eller ønskeleg - må ein sjå på ei innsynsløysing som ein alternativ veg å gå.
Første tida I den første tida etter at det nye systemet er teken i bruk – vil det gamle fagsystemet framleis stå der som ein velkjend, men etter kvart kostbar innsynsløysing. Kost / nytte - analyse
Etter kvart vil IT-Avdelinga presse på for å stenge systemet for å frigjere maskinressursar og fjerne faste utgifter til databaselisensar og liknande.
Ein innsynsløysing kan vere avansert - eller enkel. Hordaland fylkeskommune og seinare Vestland fylkeskommune vil etter kvart utvikle ein liten bukett med ulike løysingar for innsyn. Nokre løysingar krev sikker sone, tilgangsstyring, brukarstyring, web-tilstedeværelse osb. Dette kan vere hyllevare frå leverandørar av standardiserte NOARK-tilpassa løysingar. - Andre løysingar kan vere enkle, - baserte på enkle søk i XML-filar med ein enkel tekst-editor. Dette kan vere godt nok der krava om innsyn er sjeldne og sikkerheita er dekka gjennom pålogging til ein sikra datamaskin. Systemeigaren kan velge beste tilpassa løysing i samråd med Fylkesarkivet. |