Glemt Passord?

Nytt fagsystem

Systemeigaren har ansvar for innkjøp av nytt fagsystem og gjer dette i samråd med IT-avdelinga og IT-Arkivaren.

Livsløpsperspektivet
Ved kjøp av fagsystem er det IT-Arkivaren sin rolle å sjå til at Systemeigaren har livsløpsperspektivet til fagsystemet med seg i samtalane med de nye mulige leverandørene. 

Viktige spørsmål til leverandørane vil vere:

  • Kan vi migrere alle relevante data frå det gamle systemet inn i dette nye systemet – slik at behovet for innsynsløysing vert ivaretatt / eliminert?
  • Ved livets slutt for dette nye fagsystemet som nå skal kjøpast – kor enkelt vil det då vere å ta ut eit godkjend uttrekk for langtidslagring – er til dømes denne funksjonen innebygd i det nye fagsystemet?  Slik bør det vere – alle leverandørar bør pressast på denne detaljen – det er kostnader knytt til dette arbeidet dersom ein ekspert skal kallast inn og gjere godkjend uttrekk den dagen fagsystemet skal avviklast.
    Ein leverandør som har uttrekk-funksjonaliteten i orden – kan ha eit konkurransefortrinn.

Innkjøpsavdelinga tilrår elles at man har minst 3 alternative tilbod ved innkjøp av system. 

Det er viktig å ha med kostnader for dataoverføring i begge endar av livssyklusen til fagsystemet.  Ved skarpe skilje, er det også krav om langtidslagring.  Dette er kostnader som må takast med i vurderinga.