Glemt Passord?

Kommunikasjonskanaler

Teikninga under viser omfanget av ulike kommunikasjonkanaler.

komm

Sosiale medium 

Sosiale medium vert definert som nettbasert interaksjon og kommunikasjon mellom to eller fleire menneske.

Sosiale medium skal vere supplement til heimesidene. Hordaland fylkeskommune skal ikkje nytte desse media til saksbehandling. Dersom det kjem merknadar til sak, svar på spørsmål i eller liknande til ei sak, skal den som tek i mot dette gi beskjed om at dette  skal sendast gjennom ordinære kommunikasjonskanaler for saksbehandling, t.d  e-post eller post.

Bruk av sosiale medium i offentleg forvaltning krev kunnskap om mediet og innsikt i eiga verksemd. Einingar som ønskjer å nytte sosiale medium må ha klart føre seg kva hensikta skal vere, som til dømes ein informasjon- og kommunikasjonskanal. Det må vidare gjerast ei grundig vurdering av dei utfordringane og moglegheitene som ligg i dei ulike media, mellom anna:

  • Kva er føremålet?
  • Kven er målgruppa og kva er bodskapet?
  • Kva type sosialt medium passar best for oss?
  • Kva grad av brukarmedverknad, dialog og involvering planlegg vi?
  • Vert personvern og informasjonstryggleik tilstrekkeleg ivareteke?
  • Er forvaltningspolitiske føringar og regelverk følgd?

SMS

Journalverdig SMS, som er sendt direkte til saksbehandlar, skal registrerast i ePhorte. Ta skjermbilete og send til eigen HFK e-post og eksporter til ePhorte. Om det ikkje er teknisk mogleg å ta skjermbilete av SMSen, be avsendar om å sende opplysningar på nytt på e-post .

Andre kommunikasjonskanaler

Andre kommunikasjonskanaler som vert nytta til innsending og utsending av dokument mellom fylkeskommunen og ålmenta vert beskreven i rutiner for postmottak for dei ulike organ som har asvar for postmottak, t.d dokumentsenteret og ytre einingar 

Oversikt av kommunikasjonskanaler finn du her: