ReservasjonskontrollArkivtenesta skal ein gong i månaden utføre kontroll med saker og journalpostar med status Reservert og som er eldre enn (fyll inn) månad og som er tomme. Framgangsmåte for slike søk er å Saker og dokument som er oppretta men ikkje tatt i bruk skal slettast frå journalsystemet. Før sletting skal arkivtenesta ta kontak med sakshandsammar og å få bekrefta sletting. ForfallskontrollArkivtenesta skal utføre kontroll av at sakshandsamar held dei handsamingsfristane som er gjeldande. Restanselister/restansekontrollSentralarkivet skal fire gonger årleg ta ut rapport over saker som ikkje er ferdighandsama/avskrivne. Dei kvartalsvise listene skal leverast til avdelingsleiar som er ansvarleg for at sakshandsamar eller andre skal avskrive saka Avdelingsleiar eller andre med tilsvarande mynde har ansvar for at det i god tid på førehand vert teke ut restanseliste for sakshandsamar som skal slutte. Leiar skal syte for at eventuelle restansar vert avskrivne. UtlånskontrollSentralarkivet skal skrive ut utlånsliste to gonger årleg for å få oversyn over arkivmateriale som midlertidig er utanfor arkivet. Det skal settast i verk tiltak for å få returnert utlånte arkivsaker |