Offentleg journal er utforma slik at den gir oversyn over inn- og utgåande brev i saksarkivet. Opplysningar unnateke offentlegheit er skjerma. Frå 01.04.2014 vart arkivdelane elev, klient og personal unnateke offentleg postjournal. Rådmannen har delegert fullmakt til saksbehandlar til å avgjera kva saksdokument som skal bli unnateke offentleg innsyn. Unntaka blir registrerte i sak-/arkivsystemet ephorte med lovheimel. Den offentlege journalen blir publisert i fulltekst på heimesida til Kvinnherad kommune. Arkivet fører særskilt kontroll med at ingen opplysningar underlagt teieplikt blir gjort tilgjengeleg på nettet. |