Helse-, sosial-, pleie- og omsorgsspørsmål
|
Delegert til aktuell verksemdsleiar
|
Kan vidaredelegerast i verksemda
|
|
|
|
Rådmannen har mynde til å ta avgjerder i saker etter lov om sosiale tenester, lov om barnevernstenester, lov om helsetenester i kommunen, og andre relevante lover, så langt desse lovene gjev høve til å delegera frå politisk organ til rådmannen. Dette gjeld mellom anna:
|
|
|
|
|
|
1. Mynde til å treffa vedtak og ta avgjerder i alle saker etter lov om sosiale tenester m.v. av 13 desember 1991 nr 81, innanfor dei rammer og i samsvar med dei føresetnader som overordna politisk organ har sett med heimel i lova eller føresegner gitt med heimel i lova og slike fullmakter ikkje er lagt til særleg fagorgan eller fagperson.
|
Verksemdsleiar for tiltak/ rådgjevingskontoret for vaksne
|
Ja
|
|
|
|
2. Mynde til å peika ut kompetent person som skal gjera vedtak etter lov om sosiale tenester m.m. av 13 desember 1991 nr 81 § 6A-4, 2.ledd bokstav b) og c) (bruk av tvang m.m.).
|
Verksemdsleiar for tiltak/ rådgjevingskontoret for vaksne
|
Nei
|
|
|
|
3. Mynde til å treffa vedtak og ta avgjerd i saker etter lov om barnevernstenester av 17 juli 1992 nr 100, innanfor dei rammer og i samsvar med dei føresetnader som overordna politisk organ har sett med heimel i lova eller føresegner gitt med heimel i lova og slike fullmakter ikkje er lagt til fylkesnemda.
|
Verksemdsleiar for barnevernstenester
|
Ja
|
|
|
|
4. Mynde til å treffa vedtak innan miljøretta helsevern etter lov om helsetenesta i kommunane av 19 november 1982 nr 66 med unntak av mynde som er nemnd i § 4 a-4, fjerde ledd, § 4 a-10 og § 4 a-11, tredje ledd.
|
Verksemdsleiar for PAB
|
Ja
|
|
|
|
5. Mynde til å treffa vedtak og ta avgjerder etter lov om vern mot tobakkskader av 9 mars 1973 nr 14 så langt dette er lagt til kommunale organ.
|
Verksemdsleiar for PAB
|
Ja
|
|
|
|
6. Mynde til å treffa vedtak og ta avgjerder etter lov om smittevern av 5 august 1994 når desse oppgåver ikkje er lagt til særleg fagorgan eller fagperson og lova elles ikkje er til hinder for det.
|
Verksemdsleiar for PAB
|
Ja
|
|
|
|
7. Mynde til å treffa vedtak og ta avgjerder i andre saker av forvaltningsmessig art innan helse- og sosialtenesta i samsvar med retningsliner gjeve av politiske organ.
|
Verksemdsleiar som har ansvar innanfor sitt lov- og fagområde
|
Ja
|
|
|
|