Glemt Passord?

Administrasjon og personalforvaltning

Administrasjon og personalforvaltning

Delegert til aktuell
verksemdsleiarar: alle

Kan vidaredelegerast
i verksemda

     

Rådmannen har mynde til:

   
     

1. Å oppretta og leggja ned stillingar (faste og mellombelse) i samsvar med årsbudsjettet og økonomiplan, jfr. kommuneloven § 24, pkt 1.

Ja

Nei

     

2. Å avgjere tilsetjing og oppseiing i alle stillingar med unnatak av rådmann.

Ja, - bortsett frå verksemdsleiar

Ja

     

3. Å treffa vedtak i alle andre saker og spørsmål som gjennom serlege retningsliner er delegert frå politiske organ, jfr. kommunelova § 24, pkt 1
og Kvinnherad kommune sitt tilsetjingsreglement, arbeidsreglement og andre aktuelle reglement.

Ja

Ja

     

4. Innanfor dei rammer som er politisk godkjent, å gje påskjøning til kommunalt tilsette.

Ja

Ja

     

5. Å tildela mobiltelefonar, gje flyttegodtgjersle og gje generell køyregodtgjersle til kommunalt tilsette innanfor dei rammer og reglar som
kommunale politiske organ til ei kvar tid har fastsett.

Ja

Ja

     

6. Innvilga permisjonar og deltaking på kurs.

Ja

Permisjonar som går fram av
permisjons -reglementet: Ja
Andre permisjonar: Nei.

Kurs: Ja

     

7. Godkjenna ekstraarbeid utanom hovudstilling i kommunen.

Ja

Nei

     

8. Å oppretta eller leggja ned sysselsetjingstiltak som er i samsvar med godkjende avtalar og tilsegn for arbeidsmarknadstiltak og som er i
samsvar med årsbudsjett og økonomiplan.

Ja

Nei

     

9. Å gjennomføra forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane om løns- og arbeidsvilkår for tilsette.

Arbeidsvilkår: Ja
Løn ved rekruttering: Ja
Lønsforhandlingar: Nei

Nei

     

Det vert føresett at rådmannen / verksemdsleiarar forvaltar delegasjonsfullmaktene i samsvar med retningsliner i hovudavtale,
tariffavtaler, lokale avtaler, samt relevant lovgjeving.