Glemt Passord?

Historisk delegasjonsreglement

Delegasjon av rådmannen sin styrings- og avgjerdsfullmakt

Generell ramme

Kvinnherad kommunestyre vedtok på møte 30.09.99, sak 99/091, å gi rådmannen fullmakt til å treffe vedtak i enkeltsaker eller typar av saker som ikkje er av prinsipiell karakter, jfr. kommunelova sin § 23, pkt. 4.

Rådmannen vidaredelegerer den tildelte styrings- og avgjerdsfullmakt til verksemdeleiarar slik det går fram av skjemaet. Dei som har delegert ansvar frå rådmannen har høve til å vidaredelegere fullmaktene på områder som går fram av skjemaet. Dersom det ikkje er uttalt eksplisitt at ein har slik fullmakt, har verksemdsleiar ikkje høve til vidaredelegasjon.

Klagereglar

Rådmannen sine avgjerder gjort etter dette reglement kan påklagast til det overordna organ som i samsvar med lov, føresegner, reglement m.m. eller andre statlege eller kommunale retningsliner er saksansvarleg (klageinstans). Dei prosedyrar som er fastsett gjennom lov og regelverk skal følgjast. Klage på vedtak gjort av rådmannen skal til vanleg ha oppsettande verknad. Rådmannen kan likevel, dersom særlege sterke grunnar taler for det, eller fordi det av tidsomsyn er turvande å ta avgjerd straks, fråvika kravet om oppsettande verknad. Ei slik avgjerd skal grunngjevast særskild.

Rapportering til politiske organ skal følgjast opp, slik rutinane til ei kvar tid seier.