Arkivtenesta skal dagleg leggje ut offentleg postjournal. Denne skal vere utforma slik at den gir oversyn over alle inn- og utgåande brev, samstundes som opplysningar unntatt offentlegheit er fjerna. Administrasjonssjefen eller den som har fått fullmakt til det, avgjer kva saksdokument som skal bli unntatt frå offentleg innsyn. Unntaka blir registrerte i sak-/arkivsystemet med lovheimel. Den offentlege journalen blir lagt ut i elektronisk versjon med tilknytt offentlege dokument. Arkivtenesta skal føre særskilt kontroll med at ingen opplysningar underlagt teieplikt blir gjort tilgjengelege. Frå 03.01.2012 vart arkivdelane for elev og personal i saksarkivet unnateke offentleg postjournal etter samråd med organisasjonssjefen. |