Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Hordaland. Fylkeskommunen gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Fylkeskommunen har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har fylkeskommunen ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkesrådmannen er øvste administrative leiar i Hordaland fylkeskommune. Hordaland fylkeskommune er ein av fylkets største arbeidsgjevarar med om lag 4 500 tilsette. Fylkeskommunen sine inntekter kjem hovudsakleg frå lokale skattar og statlege rammeoverføringar. Rammene for fylkesøkonomien vert i stor grad fastsette sentralt av statlege styresmakter. Organisasjonsnr: 938 626 367 mva. Sjå meir administrativ organisering: http://www.hordaland.no/nn-NO/om-oss/om-fylkeskommunen/ |