Glemt Passord?

Forskrift om offentlege arkiv

Forskrift om offentlege arkiv av 01.01.2018 er gjeven med heimel i Arkivlova § 12. Forskrifta er eit omfattande dokument som regulerer dei fleste felt ved arkivfunksjonen i kommunen. Kor detaljert forskrifta er varierer likevel frå tema til tema. Når det gjeld arkivrutinar gjev forskrifta relativt detaljerte føresegner. I andre tilfelle, t.d. om kassasjon, er det Riksarkivaren sin oppgåve å ta stilling til korleis detaljane skal vere utforma. Tilhøve som gjeld vern og arkivmessig tryggleik kan handterast etter ei fagleg vurdering frå Riksarkivaren, medan retningslinjer som grip direkte inn i dei administrative system og rutinane i forvaltninga, skal vere gjevne av Kongen i statsråd.

Arkivforskrifta utgjer to kapittel:

Kapittel I. Overordna føresegner (§§ 1-8)

Kapittel II. Arkivprosessar (§§ 9-26)