Glemt Passord?

Arkivlova med forskrifter

Lov av 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv, i daglegtale kalla arkivlova, er ei generell lov for offentlege arkiv. Lova har også føresegner om vern av private arkiv. Lova vart iverksett 1. januar 1999.

Føremålet med denne lova er: å tryggja arkiv som har monaleg kulturelt eller forskingsmessig verde eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, slik at desse kan verta tekne vare på og gjorde tilgjengelege for ettertida.Arkivlova gjeld for både offentlege og private verksemder, men arkivdanning og bevaring i offentlege organ er sterkare lovregulert gjennom kapittel om offentlege arkiv og to forskrifter.

Det er hovudsakleg to grunnar for vern av arkiv:

  • Arkiv vernar om verdiar knytt til kulturarv og forsking. Arkiva er "vårt" felles minne
  • Arkiv inneheld rettsleg og forvaltningsmessig informasjon både for kommunen sjølv og for personar og verksemder som har vore gjenstand for sakshandsaming eller liknande.