Glemt Passord?

Interne dokument og notat

Interne dokument og notat

Intern korrespondanse skal registrerast i ePhorte.

Dokumenttypar for registrering av interne dokument: N, X og S

  • N-notat:  Skal nyttast for interne administrative dokument som må følgjast opp. N-notat krev registrert mottakar og vil generere restanse hos den/dei det er stila til
  • X-notat: Skal nyttast for interne dokument til orientering eller dokument som ikkje krev oppfølging i form av svarbrev. Dokumenttypen kan opprettast med eller utan intern mottakar(ar). Til dømes: Eigenproduserte dokument som skal gå som melding/referatsak til utval, møtereferat, eigenproduserte trykksaker, rapportar, planar, program, informasjonsskriv, rutinar, osb
  • S: Saksframlegg for saker som skal behandlast i utval.

Interne dokument kjem fram til mottakar, når saksbehandlar endrar status til F (ferdig) i ePhorte.

Einingar som ikkje er knytt opp mot ePhorte, nyttar dokumenttypane U og I for ekstern korrespondanse. Sakshandsamar skriv sjølv ut notatet, underteiknar og sender det til postlegging.