Glemt Passord?

Nødprosedyrer ved driftsstans

Dersom systemet er ute av drift i ein kort periode (5 virkedagar) skal journalføringa utsetjast til drifta kjem i gang att. Det vert ikkje fordelt post utanom i spesielle tilfelle. Saksmapper skal då så langt rå er, kunne kopierast til sakshandsamar på førespurnad. Vert det naudsynt må det førast utlånskort og ei eiga utlånsliste.

Dersom ePhorte er ute av drift over ei lengre periode (meir enn 5 virkedagar), skal journalføringa gjerast i ein eigen papirbasert journal. Dei innkomne saksmappene med kopi av journalen skal sendast til avdelingane. Også her skal det førast utlånslister. Både ut- og inngåande brev produsert i denne perioden skal skannast når systemet kjem i drift att.