Brann- og vasskade kan av naturlege årsaker henge saman. Om det har vore brann i arkivmateriale så er det truleg og vasskade i arkivet grunna sløkkinga. Det er vanskeleg å gardera seg heilt mot brann eller vasskader. Det kan skje sjølv om ein reknar med at arkivet er godt sikra. Vi følgjer følgande prosedyre om uhellet er ute: BrannTil brannsløkking rår ein til at det vert brukt CO2-apparat og ikkje pulverapparat. Dette grunna at pulver i pulverapparat dannar eit belegg som smeltar og som kan trekkje seg inn i dokumenta. Effekten av brannsløkkinga er begrensa ved bruk av pulverapparat, og forureininga av lokalet/materialet er stor. Om ein ikkje klarar å sløkkje brannen innan 3 minutt, må ein i staden prøve å avgrense skadane så langt som råd. VatnEin bør skilje fuktig materiale og det som er verkeleg vått, slik at ein unngår å påføra det lett fuktige materialet skadar ved tørking saman med det våte materialet. NedfrysingNedfrysing bør skje så raskt som råd, helst ved temperaturar under ÷50 grader, sidan iskrystallane vert mindre enn ved innfrysing ved høgare temperaturar og minskar skadane på dokumenta. Rask nedfrysing stabiliserer dessutan alle vassløyselege stoff i dokumenta. Vidare lagring av nedfryst materiale bør normalt skje ved ÷18 grader eller lågare. Varme, ventilasjon og avfuktingNormalt slår ein av varmen i rommet. For å hindra lommer med høg luftfuktigheit må ventilasjon og avfukting fungere kontinuerleg. Ekstra utstyr kan leigast frå byggjebransjen eller firma for skadebegrensing. Steng av vatnetVed vasskade ta kontakt med driftsansvarleg for å få stengt av vatnet, men ideelt sett burde alle vere kjend med kvar hovudvasskranen er, og kunna stengje den. Elektrisk utstyr må koplast frå. Dekk til naudsynt område for å avgrensa skadane og start flyttinga av risikoutsett materiale. Redning av materiale med vasskadeLufttørking eller frysetørking er dei aktuelle tørkemetodane. Lufttørking skal ikkje nyttast for dokument med vassfargar eller blekk. Her risikerer ein at fargar og blekk flyt ut over arka. Frysetørking er best for store mengder dokument. Sannsynligvis vil mykje vått materiale kunne reddast etter nedfrysing. Ved vasskade skal arkivmaterialet frysast ned så raskt som råd. Det bør pakkast i plastposar, helst i tynne posar av den typen som ligg i bossbøtter. Det er viktig at bunkane ikkje vert for tjukke, 10-15 cm er bra, altså omtrent som vanlege arkivboksar. Dette for å gjere prosessen med frysetørking så enkel som råd. Dersom materialet er pakka i veldig ulike bunkar vert det vanskelegare å frysetørka. Om ein har plass og mulegheit til å regulera klimaet i egna rom utanfor skadestaden, kan lufttørking nyttast. Dette gjeld for materiale som er lett fuktig. For å hindra soppvekst må temperaturen haldast under 18 grader. Vifter og anna utstyr må halda lufta i bevegelse, og materialet må spreiast utover på reine flater. FrysetørkingFrysetørking kan utføras av Rudskogen fryseterminal i Rakkestad. Tlf. nr. 69 22 99 00. (vi har ingen slik avtale). Materiale som er frose ned rett etter vasskade eignar seg som regel godt til frysetørking. Innan 48 timar bør fuktig materiale vera tørka eller frose ned. Ein skal ikkje opne eller lukke skada materiale eller prøva å skilje dokument som kleber seg saman.
- Innbundne journalar, møtebøker og kopibøker som er fuktige eller delvis våte kan lufttørkas. Sett dei opp på vass-sugande papir og opne varsamt, men ein skal ikkje opne dei enkelte sidene.
- Dokument, kart og grafiske dokument. Det er viktig at ein ikkje handsamar fuktig/våte dokument, kart eller grafiske dokument på ein måte som gjer at vassløyselege stoff vert trekt utover overflata. Ein skal ikkje bruka trekkpapir på vassfargar eller andre media som er lett oppløyseleg med vatn. Dokument med vassfargar og liknande må ein tørka eller frysa med ein gong.
- Kopiar, negativ og dias må frysast eller tørkast innan 72 timar. Bruk hanskar.
- Vått materiale skal pakkast i plast. Lufttørking er å føretrekke, eventuelt kan ein tine materialet før lufttørking. Ein kan prøve frysetørking, men ein skal ikkje vakumtørke fotografisk materiale.
- Magnetiske media som er våte eller har kondens på innsida av kassettane, kan haldast våte i fleire dagar. Pakk dei inn i plastposar og hald dei i vatn om det er fare for soppdanning. Dei skal ikkje frysast.
- Diskettar skal stå i plastposar i boksar med vatn.
- Informasjonen på en harddisk kan ofte verta redda av spesialistar på datarekonstruksjon etter brann eller andre skadar.
Skjeggkre (Under kap. 3.4) Skjeggkre livnærar seg på gammalt stivelseserikt papir, og er såleis ein utfordring i arkivsamanheng.
Førebyggande tiltak:
- Ved deponeringar: Karantene og utpakking i mottak
- I magasin: Ikkje flytteesker og pallar - Ingen gjenbruk av flytteesker Om skjeggkre blir påvist, må ein ta kontakt med ekspertise. For å ta livet av både dyr, larvar og egg må ein fryse arkivmaterialet til -32 gradar i 5 dagar. |