GenereltDersom det er nødvendig med omsyn til saksbehandling e.l., kan eininga låne tilbake arkivmateriale som er avlevert. Ved slikt tilbakelån skal desse reglane følgjast.
- Eininga skal peike ut ein eller fleire personar som er autoriserte til å rekvirere og motta tilbakelån av originalt arkivmateriale, også personmapper. Hordaland fylkesarkiv skal få melding om kven dette er og om evt. endringar.
- Låneperioden ved utlån skal ikkje vare lenger enn nødvendig med omsyn til bruken av materialet. Vanleg utlånsfrist er fire veker.
- Tilbakelånt materiale skal ikkje blandast saman med anna arkivmateriale hos lånaren.
- Tilbakelånt materiale kan ikkje lånast vidare utan godkjenning av arkivdepotet.
- Tilbakelånt materiale skal sikrast like godt som i arkivdepotet, jfr. § 4 i arkivforskrifta. Dersom dette ikkje er mogleg, kan materialet kopierast eller gjerast tilgjengeleg for bruk i arkivdepotet.
- Elektronisk materiale kan ikkje lånast tilbake. I staden kan det lagast kopiar av slikt materiale.
- Arkivdepotet skal dokumentere utlån og tilbakelevering av arkivmateriale.
Tilbakelån av personmapperTilgang til avleverte personmapper skal skje i samsvar med Personopplysningslova. I tillegg til punktene over om tilbakelån av arkivmateriale frå arkivdepot, gjeld følgjande reglar for tilbakelån av personmapper:
- Personopplysningar som er tilbakeført til kommunen fordi ein tidlegare klient har gått inn i eit fornya klientforhold, vil vanlegvis gå inn som dokumentasjon i den aktive klientmappa saman med det nye materialet. I slike tilfelle skal ein ikkje sende materialet tilbake til Fylkesarkivet. Fylkesarkivet må få melding når ei tilbakeføring på denne måten blir fast.
- Personmapper som ein berre brukar midlertidig og ikkje i eit fornya klientforhold, skal behandlast som eit utlån frå det avleverte arkivet hos Fylkesarkivet og skal returnerast til Fylkesarkivet etter bruk. For slike utlån vil det vanlegvis bli sett eit frist på fire veker.
Innsyn i personmapperHordaland fylkesarkiv gir normalt ikkje den registrerte direkte innsyn i personmappe. Vedkomande vender seg til kommunen (evt. ved aktuell avdeling/eining) som så rekvirerer mappa frå Fylkesarkivet, og gir innsyn til den registrerte etter gjeldande reglar. Fylkesarkivet ekspederer mappa så snart som mogeleg, normalt innan 4-5 virkedagar. Eventuelt avslag om innsyn kan ankas blir Datatilsynet. |
|