Glemt Passord?

Skrivereglar/registreringsreglar for bruk av WebSak Fokus, basis

 

Det skrivne ord er ein viktig del av vårt ansikt utad. Den som mottek ei skriftleg henvending frå kommunen, anten i form av eit brev, ei brosjyre eller eit anna dokument, dannar seg ei oppfatning av kommunen på dette grunnlag. Difor er det nødvendig med like skrivereglar for kommunetilsette. Det kan hjelpe oss til å gje publikum eit klart og ryddig bilde av ein kommune som er korrekt og konsekvent i sin kontakt med omverda.

Modalen kommune skal framstå likt i sine malar.

Dette notatet er meint som ei rettleiing i korleis kommunens skrivne og trykte produkt skal framtre når det gjeld språk, redigering og utsjånad. Ei einskapleg linje når det gjeld det skrivne ord og dokument gjev korrekt og tiltalande inntrykk på mottakarane.

Dei retningslinjer som vert sett skal følgjast. Då medverkar du til å gje våre brev og det skrivne dokument ei einskapleg utsjånad og til å gjera kontorarbeidet lettare for oss alle.

Layout / utfylling av registreringsbilde og bruk av tekstbehandlar i saksbehandlarsystemet WebSak.

Alle registreringsbilde skal fyllas ut med vanleg skrift, og vert overført likt til mal i Micorsoft Word.

Skrifttypar: Alle registreringsbilde og malar i WebSak har førehandsdefinerte skrifttype og storleik.

Desse skal ikkje endrast.

Skrifttype calibri og font 11 skal nyttas i Modalen kommune.

Korleis skal ein sakstittel i Websak leggast inn- Kor – kva er hovudregel, der det ikkje er naturleg med kor, blir det bare kva.

- D.v.s. kor = gnr/bnr, kva = kva det gjeld t.d tiltak naust

- Sakstittel skal beskriva saksinnhaldet så godt som råd

- Ved saker som er unnateke offentlegheit skal tittelen være nøytral, det vil seie at tittelen ikkje skal gjenspegla opplysningar som ikkje er offentlege

- sakstittel 1 skal i utgangspunktet ikkje innehalde namn

- sakstittel 2 kan nyttast til namn

- Dato i sakstittel skal skrivas inn t.d. 01.01.2014

Sjå vedlagt fil for skrivereglar.

Alle avsendarar og mottakarar skal registrerast inn slik namnet er. Namneformat døme: Petter Olsen

Firmanamn skrives inn slik som det er. Døme: Acos AS

Att: Skal skrives i feltet att. døme: Petter Olsen

Vedlegg: Skal ha ein kort eigen tittel som beskriver vedlegget.

Forkortingar

Bruk ikkje forkortingar når det ikkje er nødvendig. Forkort aldri om det kan medføre