Rett til innsyn i offentlege arkiv Retten til innsyn i offentleg verksemd er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp og vert regulert av offentleglova (§3). Lova seier at; «saksdokument, journalar eller liknande register for organet er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov. Alle kan krevje innsyn i saksdokument, journalar og liknande register til organet hos vedkommande organ». Offentlegprinsippet vart grunnlovfesta i 2004, i samband med endringa av §100 om ytringsfridom. Formålet med dette prinsippet om innsyn er å kontrollerer politiske og administrative avgjersler og sikre rettstryggleiken for den enkelte. Eit offentleg organ kan såleis ikkje nekte innsyn i dokument (definert i §4) eller journalar. Det finst derimot nokre unntak frå prinsippet om innsyn, blant anna gjeld dette opplysningar som er underlagt klausulering. Desse skal unntakast offentlegheit og regelen om meirinnsyn gjeld ikkje slike opplysningar. I all hovudsak gjeld dette sensitive personopplysningar om enkeltpersonar, men også andre opplysningar er unnteke frå innsyn. Klausuleringa er heimla i fleire lover. Offentleglova har føresegn som gjev offentleg verksemd rett til å unnta ein del opplysningar eller dokument. Verksemda skal i slike tilfelle vurdere meiroffentlegheit. Klausuleringa fell vanlegvis bort etter 60 år, dvs at alderen på opplysninga skal vere 60 år (Forvaltningslova § 13c). I barnevernssaker og adopsjonssaker fell klausuleringa bort etter 100 år (Forvaltningslovforskrifta § 10). Her følgjer eit oversyn over dei viktigaste saksområda med klausuleringstid på meir en 60 år:
- Adopsjonssaker 100 år
- Barnevernsaker 100 år
- Farskap- barnebidragsaker 80 år
- Pasientjournaler 80 år
Det er høve til å søke om innsyn i dokument og arkiv som inneheld klausulerte opplysningar. Det er to føremål som kan gje innsyn: Partsinnsyn og forskingsføremål. Partsinnsyn Alle har rett til innsyn i opplysningar som gjeld ein sjølv. Dette er regulert i personopplysingslova. Dersom ein er part i ei sak, har ein rett til innsyn i dokumentane i saka. Dette er regulert i forvaltningslova § 18. Om ein ønskjer å få innsyn i dokument med sensitive personopplysningar (t.d. klientmappe/elevmappe), må ein ta kontakt med den kommunen som eig mappa (kor sakshandsaminga gjekk føre). Kommunen vil så få mappa tilsendt frå IKAH og personen får innsyn i mappa i kommunen. Forskingsføremål Dersom ein ønskjer innsyn i klausulerte opplysningar i samband med forskingsføremål, må ein søke om dette. Ein må legge ved ei skildring av prosjektet og fortelje kvifor det er naudsynt å bruke arkivmateriale. Det er krav om fagleg kompetanse innan relevant fagfelt. IKAH har ikkje myndigheit til å avgjere om ein kan få innsyn i samband med forskningsføremål. Innsynsførespurnaden må rettast til det einskilde fagdepartement, som avgjer om ein får innsyn (jf. forvaltningslova §13d). Den som får innsyn i klausulert arkivmateriale som er deponert hjå IKAH må alltid underteikne ei taushetserklæring. Merk: Når det gjeld arkivmateriale som vart skapt før offentleglova (av 1970) tredde i kraft kan dette vere problematisk. Klausulerte saker og dokument vart i tida før 1971 ikkje stempla eller merka med at dei var unnateken offentlegheita. Dette gjer at det kan vere tidkrevjande å skilje ut klausulert arkiv frå denne perioden. Om ein ønskjer innsyn i desse sakene må IKAH gå igjennom alt arkivmateriale på førehand. Ein bør såleis ta kontakt med IKAH i god tid før ein kjem på lesesalen. |