Det skrivne ord er ein viktig del av vårt ansikt utad. Den som mottek ei skriftleg henvendig frå kommunen, anten i form av eit brev, ein brosjyre eller eit anna dokument, dannar seg ei oppfatning av kommunen på dette grunnlag. Difor er det nødvendig med like skrivereglar for kommunetilsette. Det kan hjelpe oss å gje publikum eit klart og ryddig bilde av ein kommune som er korrekt og konsekvent i sin kontakt med omverda. Kvam herad skal framstå likt i sine malar. Skrifttypar. Alle registreringsbilde og malar i WebSak har førehandsdefinert skrifttype og storleik. Desse skal ikkje endrast. Skrifttype Times New Roman fog font 12 skal nyttast. Korlesis skal ein sakstittel eller ein journalpost/dokumenttittel i Websak leggjast inn
- Sakstittel skal beskriva saksinnhaldet så godt som råd
- Ved saker som er unnateke offentlegheit skal tittelen være nøytral, det vil seie at tittelen ikkje skal gjenspegla opplysningar som ikkje er offentlege
- Sakstittel 1 skal utgangspunktet ikkje innehalde namn - (byggesak er eit unntak).
- Sakstittel 2 kan nyttast til namn når saka/dokumentet er gradert med U2 eller U3
- Dokumentttittel skal i korte trekk skildra brevinnhaldet.
Alle avsendarar og mottakarar skal registrerast inn slik namnet er. Namneformat døme: Petter Olsen (ikkje store bokstavar) Firmanamn vert skrive inn som det er, døme: Acos AS Epostadresse vert skrive i feltet for epost. Att: skal skivast i feltet att., døme: Petter Olsen Avsendarar/mottakarar vert lagt inn med GID-kode. Det er difor viktig at alle som ligg i GID registeret vert ajourhaldne. Vedlegg: Vedlegg skal ha ein kort eigen tittel som beskriv vedlegget, gjerne med journalpost-ID Forkortingar Hovudregel: Bruk ikkje forkortingar når det ikkje er nødvendig. Forkort aldri om det kan medføre tvil eller midtiding. Forkortingar som kan brukast: adr. - adresse bl.a. - blant anna, blant andre bnr. - bruksnummer ca - cirka cm - centimeter d.d. - dags dato d.m. - denne månad d.s. - det/den/de same då. - dette år e.l. - eller liknande etc. - et cetera, og så vidare t.d. - til dømes f.o.m. - frå og med f.t. - for tida f.å. -førre år gnr. -gardsnummer inkl. -inklusiv jnr. -journalnummer kr -krone(er) lnr. -løpenummer m -meter mfl. -med fleire m.m. -med meir mv. -med vidare nr. -nummer off. -offetleg, offisiell o.l. -og liknande osv. -og så vidare ref. -referanse, referert sign. -signatur, signert tlf. -telefon t.o.m. -til og med vedk. -vedkjem Jf. -jamfør |