Brev, e-post og faks frå Kvam herad skal sendast som offentleg dokument og innehalde logo, arkivkode, arkivsaknr. og dokumentnr. Dokument som er unntatt offentleg innsyn skal ikkje sendast som e-post utan at dei er kryptert. All post skal journalførast i elektronisk arkivsystem (web-sak) eller i fagsystem. Ny sakSakshandsamar opprettar ny sak sjølv, saka får då status R for reservert sak. Arkivtenesta henter opp saka i Focus i korga for "Reserverte arkivsaker". Knyter saka til rett arkivdel og fører på klassering / arkivkode, og endrar status på saka til B (under behandling). I samråd med sakshandsamar utfører arkivtenesta offentlegvurdering og fører på evnt. lovheimel og korrekt tilgangskode. Dersom sakshandsamar ønskjer å opne ei avslutta sak, skal han kontakte Arkivtenesta. Svare på journalpost / oppretta utgåande brevSakshandsamar skal svara på journalpost / oppretta utgåande brev. Sakshandsamar skriv all sakspost i web-sak, som brev, faks, e-post, notat, eller saksutgreiingar. Ved oppretting av dokument skal sakshandsamar
- føre på mottakarar og kopimottakarar med full adresse. Hent adresse frå Folkeregisteret, Brønnøysundregisteret eller GID-kode
- velg dokumenttype
- vurdera om det er offentleg, føra på lovheimel og korrekt tilgangskode. Dersom ein er usikker på om dokumentet er offentleg, skal ein ta kontakt med avdelingsleiar
- inntil dokumentet er klart for utskriving og ekspedering skal journalposten ha status R
Når dokumentet er ferdig til ekspedering, skal sakshandsamar markera dokumentet som ferdigstilt med status F. NB! utfylte skjema o.l. vedlegg som ikkje ligg i web-sak, må sakshandsamar importera eller skanna inn som vedlegg. Sakshandsamar skal avskrive alle journalpostar som vedkommande er ansvarleg for, uavhengig av avskrivingsmåte. Digital post - KS SvarUT/SvarInnKvam herad tok i bruk Ks SvarUt 1.mars 2016.
KS SvarUt er ei løysing for kommunar og fylkeskommunar, for å formidla digital post til innbyggjarane .
SvarUT gjer det mogeleg å nå både privatpersonar, næringsliv, offentlege og private organ med sikker digital post, SvarUt løysinga er integret med kommunen sitt sakssystem og kopla mot Folkeregisteret og Brønnøysundregisteret., dvs. nøkkelen er fødsels- og organisasjonsnummer. Framgangsmåte
- Registrer journalpost på vanlig måte i Fokus / WebSak
- På mottakarfana vel "Legg til"
-
Vel i Identitetsregisteret enten Folkeregister (for privatperson) eller Enhetsregisteret i Brønnøysund (for firma)
- Søk på namn , bruk avansert søk om du ikkje får treff. Viktig at namnet rett skrive.
- Når rett namn er funne, dobbelt-klikk, eller trykk Til, ev trykk Kopi - og Ok når alle mottakarar og kopimottakarar er funne
- Skriv brev på vanlig måte og ekspeder det. Brevet vil då bli sendt direkte ut via SvarUt.
Ekspedering
- Skjer direkte til dei som har oppretta digital postkasse (dei får SMS om brev).
- Andre får melding via Altinn. Dei må logga seg på med MinID og lesa brevet i Altinn
- Dersom Altinn- mottakar ikkje opnar brevet innan 2 dagar, går det til Grafisk Digital, vert skrive ut og sendt direkte til mottakar si adresse.
SvarInn – Brev frå andre organ som brukar SvarUT, får Kvam herad som digital post via Acos –Mottak SvarUT /SvarInn er integrert i følgjande system - Websak Basis/ WebSak Fokus
Arkivleiar, IT informasjonsarbeidar og prosjektleiar har tilgang til KS SvarUt og kan legge inn innstillingar og sjekke historikk m.m. Alle tilsette i fellessekretariatet har lesetilgang. https://svarut.ks.no (bruker må logge inn med MinID). Altinn- Arkivleiar har tilgang til postmottak Interne dokument og notatInterne notat skal skrivast i web-sak som N- eller X-dokument (NB! Bruk mottakar-ID) Mottakaren får dokumentet elektronisk i sin innboks. Arkivet hentar dokumentet i Focus i korga for "Dok.type N til jføring". Når ein finn alt i orden endrar ein status til J.
Post til hemmeleg adresse Når det kjem fram i matrikkelen at heimelshavar er "BESKYTTET I HENHOLD TIL INSTRUKS" og kommunen kun kjenner matrikkelnummeret, må formidlinga av post gå via Kartverket. Korrespondansen skal leggjast i tett konvolutt (ikkje konvolutt med vindauge) som skal merkast med kommune/gard-/bruks-/seksjonsnummer. Det er viktig å ha med kommunenummeret eller -navnet. Nederst på konvolutten skal det stå "fortruleg/strengt fortruleg". Denne konvolutten skal leggjast i ein ny konvolutt som skal sendast rekommandert til:
Kartverket
Matrikkel- og stedsnavnavdelingen
Postboks 600 Sentrum 3507 HØNEFOSS Den ytterste konvolutten skal ikkje merkast med "fortruleg/strengt fortruleg". Dersom kommunen har fleire brev til hemmeleg adresse, kan alle sendast i same konvolutt til Kartverket. Kun den ytterste konvolutten vert opna før vidaresending. |