Glemt Passord?

Arkivkatalog 1837-1963

Utdrag frå arkivkatalog Ullensvang herad

Denne katalogen gjev oversikt over innhaldet i arkivet etter Ullensvang herad i tidsrommet 1837-1963. Berre unntaksvik er det registrert nokre fåe arkivstykke før 1837 og etter 1963, slik at dei endelege ytteråra for arkivet er 1837-1985. Arkivet har tidlegare vore plassert i Ullensvang rådhus i Kinsarvik. Etter framlegg frå formannskapet vart det i 1962 skipa ei arkivnemnd, som fekk oppdrag med å samla inn og ta vare på alle eldre kommunale arkivsaker som ikkje lenger er i stendig bruk m.v.

Møtebok etter nemnda ( sjå 021 Dc. 2) viser at arkivmaterialet då var spreidd på ymse stader i bygda. Ein heil del var plassert på eit loftsrom på Krossvoll, dessutan på gamleheimen og i Ullensvang Privatbank, og elles hjå private. Arkivnemnda gjorde eit stort arbeid med å samla inn dette arkivmaterialet. Utan dette framsynte vedtaket og nemnda sin innsats, ville truleg ikkje arkivet i dag vore så innhaldsrikt og bra som det no er. Det meste av arkivet vart i august 1999 henta inn av Interkommunalt arkiv i Hordaland for ordning og registrering. Resten kom til i juni 2001.Ordninga av arkivet starta i juli 2000, og fram mot jul var 16 hyllemeter ferdig ordna og registrert. Resten av arkivet vart ferdig ordna og registrert i 1. halvår 2001. Arkivet er registrert i tekstbehandling. Arkivlister over den enkelte arkivskapar, arkivseriar og arkivstykke med ytterår ligg no føre. Tilsaman er det ferdige ordna og registrerte arkivet på 39 hyllemeter, og inneheld arkiv etter 43 arkivskaparar, 175 arkivseriar og ca. 770 arkivstykke frå Ullensvang herad.

Arkivkonsulent Åse Eikemo Strømme ved Interkommunale arkiv i Hordaland har stått for ordninga og registreringa av arkivet, og har utarbeidd arkivkatalogen for 1837 1963 slik den her ligg føre. Arkivet vert ført attende til eigaren Ullensvang herad, og plassert i Ullensvang rådhusi Kinsarvik.

Informasjon : Utdraget frå arkivkatalogen inneheld ein introduksjon til bruk av arkivkatalogen samt eit generellt administrasjons-historisk oversyn og ein generell arkivomtale for dei fleste arkivskaparane som finst i kommunearkiva. Det er samstundes teke med noko omtale og oversyn over kva som er funne av arkiv etter desse i Ullensvang herad.

 

                                                                                                                                            

 

Dette arkivet vart avlevert til depot Interkommunalt arkiv i Hordaland 28.09.2011.

 

Monica Hagen Hereid

Arkivleiar