Glemt Passord?

Oversikt over dei viktegaste rutinane for sakshandsamar

Då ein tok i bruk elektronisk arkiv- og sakshandsamingsprogram har sakshandsamar fått eit større ansvar for at den daglege arkivdanninga fungerar som den skal. Sakshandsamar sine viktigste rutinar er:

Korger på arbeidsbordet:

  • Sjekk kvar dag om du har fått ny post. (innboks/restanse/kopi)
  • Ha alltid oversikt over kva journalpostar du ikkje har svart på.(Eigne restansar)
  • Ha alltid oversikt over kva dokument du har starta å skrive på, men som ikkje er ferdige.(Dokument under arbeid)
  • (Søk jamleg etter dokument med forfallsdato).Førebels ikkje i bruk.

Når ein har fått ny post - Restanse:

  • Sjekk at du er rett sakshandsamar.
  • Sjekk at dokumentet er ført på rett sak.
  • Sjekk sak- og journalposttittel.
  • Sjekk ordningsverdi.
  • Vurder om dokumentet skal vera unnateke offentlegheit.
  • Vurder meiroffentlegheit.

Hvis dokumentet skal vera unnateke offentlegheit:

  • Før på rett tilgangskode og heimel.
  • Skjerm eventuelle ord i journalposttittelen.
  • Skjerm eventuell avsendar/mottakar.
  • Skjerm eventuell klassering.
  • Det er sakshandsamar som er ansvarleg for å offentlegheitsvurdera sine dokument.
  • Ikkje send sensitiv informasjon på e-post.

Hugs og:

  • Det er ikkje høve til å starta sakshandsaming før dokumentet er journalført. All sakshandsaming skal skje i heradet sitt sak-/arkivsystem Websak eller i avdelinga sitt fagsystem.
  • Journalverdig e-post, som er sendt direkte til sakshandsamar skal importerast i Websak. Sjå: rutine for importering av e.post.
  • Ha alltid fokus på kva som er journalverdig