Funksjonen Obs dato gjev mogelegheita til å legga inn ei påminning om at noko som er viktig for saka skal skje på ein spesiell dato. Du gjer fylgjande:
- Søk opp aktuell arkivsak
- Klikk på feltet OBS dato i diverse-menyen
- Legg inn dato og ein kommentar som beskriv det som skal skje eller fylgjast opp. Det kan vera greit å skriva eit stikkord i kommentarfeltet dersom ein ynskjer noko meir enn dato å søkje på i ettertid
- Klikk OK.
Arkivsaka vil då koma opp på OBS lista den aktuelle dagen |