Det er arkivtenesta som har ansvar for å avslutta arkivsakene i WebSak. Når sakshandsamar ikkje forventar fleire dokument i ei sak skal han/ho påføra saka ein merknad av typen ØA (ønskes avsluttet) i WebSak. Arkivtenesta søkjer opp desse sakene, kontrollerer journalpostane og set saksstatus til A (avsluttet). Sakshandsamar må kontrollera før han/ho sender melding om å avslutta saka i Websak:
- at alle journalpostane i saka har status J (journalført) eller U (utgår)
- At alle jounalpostane er avskrivne. Det vil sei at ingen dokument har restanse.
- Sende merknadstype ØA for ønskes avslutta som merknad på sak.
Har sakshandsamar saka fysisk på sitt kontor, vert den levert ned til arkivet. |