Godkjenning av generelle dokument I visse høve treng ein godkjenning frå leiar/rådmann på dokument ein har utarbeida.Dokumenta skal då sendast elektronisk for godkjenning.Dette vert gjort via flaggfunksjonen i Websak. For at endringar som er gjort av leiar/rådmann skal vise når ein får att dokumentet som godkjent/ikkje godkjent er det viktig at ein gjer fylgjande:
- Spor Endringar må vera slått på
- Dokumentet må stå i status R
- Dokumentet må sendast til aktuell mottakar for godkjenning.
- Når dokumentet er godkjent, kan ein ekspedera dette.
Godkjenning av sakspapir til ulike utval Saker/sakspapir som skal til handsaming politisk, har fylgjande rutine:
- Spor Endringar må vera slått på.
- Sakspapirdokumentet må stå i status R for reservert.
- Alle vedlegg må vera knytt til dokumentet.
- Sakspapiret/dokumentet vert sendt til rådmann for godkjenning.
- Etter at sakspapiret/dokumentet er godkjent, set ein status F for ferdig på dokumentet.
- Send beskjed/merknad til utvalssekretær at saka/sakspapiret er klar for politisk handsaming.
|