Glemt Passord?

Søk etter eksisterande saker

Dersom ein er usikker på om det allereie eksisterer ei sak, er det viktig å føreta søk i WebSak slik at det ikkje oppstår ”parallelle saker”.

Ein søkjer først under "mine saker" (korg på arbeidsbordet i Websak)

Finn ein ikkje det ein leitar etter, søkjer ein i sakstittel-feltet evt. andre søkefelt for å sjekka om saka er fordelt på ein annan sakshandsamar. Søkjemetode: Bruk teiknet + framfor søkeordet. Søkjer ein med fleire ord, bruk + framfor alle orda.

NB: Saker ein ikkje har tilgang til eller ikkje sjølv har ansvaret for, får ein ikkje registrera nye journalpostar til. Ta kontakt med arkivet slik at dei kan gje tilgang til den aktuelle saka.

For saksdokument som hører inn under ein objektordna arkivdel vil det vera mest teneleg å søkje på objektkode i klasseringsfeltet. Søkjemetode: Skriv inn t.d. etternamn for søk på personar, Skriv inn Gards og bruksnummer for søk i eigedoms/gards arkiv. Skilje mellom Gards og bruksnummer er / (skråstrek).

Finn ein framleis ikkje ei eksisterande sak, ta kontakt med arkivet for hjelp til søk og/eller oppretting av ny sak.