|
Arkivverket har utarbeidd eit allment arkivskjema som vert nytta ved registrering av arkivseriar. Skjemaet har eit system med faste opplysningar for dei forskjellige arkiv-seriane. Fordelen med eit slikt skjema er at det byggjer i stor grad på ein struktur som allereie er i norske arkiv. Det er eit hjelpemiddel for nye medarbeidarar for raskt å kunne gjere seg kjend med kva som finns i arkivet. Oversikta i arkivseriane i arkivplanen er sett opp etter fylgjande mal:
| Kode:
|
Arkivserie:
|
| A
|
Møtebøker, referatprotokollar, forhandlingsprotokollar o.l.
|
| B
|
Kopibøker
|
| C
|
Journalar og andre overgripande (overordna) register
|
| D
|
Sak og korrespondansearkiv ordna etter hovudsystem
|
| E
|
Sak og korrespondansearkiv ordna etter sideordna system (utskilt del av sakarkiv med andre ordningsprinsipp, eks. kontraktarkiv)
|
| F-O
|
Reservert arkivskapar spesialarkiv innanfor arkivskapar fagoppgåver
|
| P
|
Personalforvaltning (utskilt personalarkiv med eige ordningsprinsipp)
|
| Q
|
Eigedomar, inventar og utstyr
|
| R
|
Rekneskapsarkiv
|
| S
|
Statistikk
|
| T
|
Kart og teikningsarkiv
|
| U
|
Foto, film og lydopptak
|
| V
|
EDB og mikrofilm
|
| W
|
Gjenstandar (stemplar, modeller, faner)
|
| X
|
Trykksakar
|
| Y
|
Andre utskilte arkivdelar, ymse
|
| Z
|
Referansemateriell (arkivlister, instruksar, handbøker etc.)
|
|
|