Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS skal avlevere arkiv til sine eigne depotlokalar. Retningslinene for avlevering av arkivmateriale til depot hjå Ikah bygger på kommunen sine avleveringsreglar (jf. Arkivforskrifta § 5-12og § 5-4) og Riksarkivarens Normalinstruks for arkivdepot i kommuner og fylkeskommuner. AvleveringstidspunktVanleg administrativt arkiv skal avleverast til depot etter 25 år. KlargjeringMaterialet som skal avleverast skal handsamast på følgjande måte:
- Møtebøker og vedtaksbøker som er produsert som lausblad, skal bindast inn. Møtebøker der referata er limt inn i protokollar er ikkje arkivhaldbare, og ein skal ta kopi av desse før overføring. Kopien skal avleverast saman med originalen
- Kopibøker og utskrifter av journalar skal bindast saman og leggjast i arkivboksar
- Saksdokument skal leggjast i omslag eller mapper i samsvar med strukturen i arkivet. Omslag og mapper skal vere påført informasjon om innhaldet: arkivkode, saksnummer, sakstittel e.l.
- Omslag/mapper skal vere av syrefritt papir. Eit omslag kan vere eit A3-ark som er bretta på midten og lagt rundt dokumenta
- Arkivmaterialet skal vere kassasjonsbehandla og arkivavgrensa
- Materialet skal reingjerast for smuss og støv, plast, plastomslag, merkelappar med lim (t.d. ”post-it”), tape og binders skal fjernast. Stifter treng ikkje å fjernast
Pakking og merkingArkivmateriale som ikkje skal bindast inn, skal handsamast på følgjande måte:
- Materialet skal leggjast i arkivboksar som er godkjent av arkivdepotet
- Materiale som ikkje kan leggjast i arkivboksar, skal pakkast på forsvarleg måte i samråd med arkivdepotet
- Alt arkivmateriale skal vere reingjort før overføring
- Materialet skal merkast med etikettar av arkivhaldbart papir. Etikettane skal limast på med lim som er godkjent av Riksarkivaren. Sjå lenke til informasjon om lim her
- Etikettane skal innehalde informasjon om arkivskapar, arkivserie, innhald, ytterår og arkivstykkenummer
AvleveringslisterArkivdepotet har utarbeida standardiserte avleveringsskjema. Arkiv som skal avleverast skal vere registrert på desse listene på denne måten:
- Kvar arkivserie skal førast på ei eiga liste, med opplysningar om arkivskapar, arkivserie og ytterår. Listene skal vidare gi oversyn over arkivstykka i serien, med informasjon om nummerering og innhald
- Dersom delar av materialet er unnateke frå offentleg innsyn, skal dette gå fram av arkivlistene
- Innhaldet i kvar enkelt arkivboks skal registrerast på mappenivå
- Kontroller nøye at avleveringslistene samsvarer med innhaldet i arkivboksane
- Avleveringslistene er grunnlaget for den bestandsoversikten som Ikah til ein kvar tid skal ha over materialet som oppbevarast hjå Ikah
Gjennomføring og godkjenningDaglig leiar samordnar arbeidet med å klargjere arkivmateriale til avlevering. Depotansvarleg tildeler plass i depot.
|
|