Glemt Passord?

Føremål

Arkivplanen gjer bindande retningsliner for all handsaming av informasjon og dokumentasjon i Stryn kommune.

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for rutinane/retningslinene. Arkivplanen skal bidra til at kommunen ivaretek arkivansvaret sitt etter Arkivlova § 6 der det heiter "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid"

Rådmannen har det overordna administrative ansvaret for kommunen sitt arkiv og for at organisering og oppfølging av arkivarbeidet er i samsvar med lover og forskrifter.  Dette er presisert i Forskrift om offentlig arkiv, § 1-1, arkivansvaret i offentlege organ:

"Det overordna ansvaret for arkivarbeidet i eit offentleg organ tilligg den øvste leiinga i organet.  I kommunar og fylkeskommunar er arkivansvaret ein del av det overordna administrative ansvaret som er tillagt administrasjonssjefen, jf. kommunelova § 23."

Oppdatering av arkivplanen

Oppdatering av arkivplanen skal skje minst kvart 4. år og ved endringar som:

  • ved omfattande omorganisering av kommunen
  • det blir oppretta og teke i bruk nye fagsystem
  • etter kvart kommuneval

Arkivansvarleg skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk og har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet.