Post til ytre einingar kjem via ulike kanalar som levering frå Posten Norge AS, via sentralt e‐postmottak, via portalar/fagsystem, levert av bud, levert personleg eller motteke i møte. All post som skal handsamast i tråd med reglane. Fram til det vert oppretta eit sentralt postmottak i Hordaland fylkeskommune, har skulane og tannhelse ansvar for postmottak for sine einingar. Dokumentsenteret har ansvar for postmottak for sentraladministrasjonen, OT/PPT og Amalie Skram vgs. Automatisert mottak av post via skjemaløysingarHordaland fylkeskommune har teke i bruk skjemaløysing for fleire typar av inngåande dokument til dømes: tilvisning til PPT, søknader om vaksenopplæring og meldeskjema til sykehusskulen. Det er ynskjeleg at denne utviklinga fortsett og at det vert jobba aktivt med å automatisere journalføring av post til fylkeskommunen. Mottak av brevpostKontortenesta har ansvar for å ta i mot den daglege posten som kjem til einiga. Mottak av e‐post
Kontortenesta har ansvar for å ta hand om e‐post som kjem til eininga sitt hovudpostmottak. Sakshandsamar har ansvar for å ta hand om e-post motteke i eiga e-postmottak. Ved journalføring av e-post med vedlegg skal ikkje sjølve e-posten slettast. E-posten inneheld viktige metadata. Det er høve til å bestemme kva for fil som skal vere hovuddokument ved journalføring av e-post i sak/arkiv systemet. Mottak av post via Altinn Skuler hentar inn og journalfører sakspost motteke til skulen. Mottak av post via SvarInnPosten vert importert og journalført i forhandsdefinert sak i ePhorte. Journalpostane skal flyttast vidare til pågåande sak eller nyoppretta sak. Mottak av SMSMeldingar til einingar motteke via SMS, som er arkivverdig/viktig informasjon i pågående saksbehandling, skal registrerast i ePhorte. Mottak av post via netttenesterNettenester som mottar post skal i størst mogleg grad vere integrert med sak-/arkivsystemet. Avdelingane må generelt syte for at søknader som kjem inn via andre søknadsportalar vert journalført. Meldingar til eingar via sosiale media (t.d. Facebook) skal journalførast dersom innhaldet er arkivverdig/viktig informasjon i pågående saksbehandling. |