Glemt Passord?

1.2 Administrativ organisering

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Hordaland. Fylkeskommunen gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Fylkeskommunen har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har fylkeskommunen ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen

Fylkesrådmann Rune Haugsdal er øvste administrative leiar i Hordaland fylkeskommune.

Hordaland fylkeskommune er ein av fylkets største arbeidsgjevarar med om lag 4 500 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 7 666 millionar kroner (2018). Investeringsbudsjettet er i 2018 på 2 587 millionar kroner, renter og avdrag 820 millionar kroner,  slik at totalbudsjettet kjem opp i 11 073 millionar kroner.

Fylkeskommunen sine inntekter kjem hovudsakleg frå lokale skattar og statlege rammeoverføringar. Rammene for fylkesøkonomien vert i stor grad fastsette sentralt av statlege styresmakter.

Organisasjonsnr: 938 626 367 mva.

Sjå meir administrativ organisering: http://www.hordaland.no/nn-NO/om-oss/om-fylkeskommunen/