Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsredskap av alle tilsette i Sykkylven kommune. Målet er at alle som handterer dokument som vert til som ledd i den verksemda kommunen driv, skal kunne finne informasjon om kva retningsliner som må fylgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet. Fagleiar arkiv skal ha melding om alle endringar i kommunen med moglege fylgjer for kommunen, i god til før dei vert sett i verk. Arkivet har rett til å uttale seg om dei fylgjene dei kan få for arkivet. Oppdatering i arkivplanen skal skje når: - det skjer endringar i post- og arkivrutinar. - ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel. - det vert teke i bruk ein ny arkivnøkkel. - ei kommunal eining tek i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon. - kommunale einingar blir lagt ned, styre eller utval. - det vert gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegasjonsreglement. - kommunale oppgåver vert overført verksemder utanfor kommunen. Arkivplanen vert oppdatert jamleg. Alle brukarar har ansvar for gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal fagleiar arkiv kontaktast. Fagleiar arkiv Tove Lilleås tlf. 90 96 19 20 eller epost tove.lilleas@sykkylven.kommune.no |