Innhaldet i eit arkiv eller ein arkivserie kan inndelast i tidsbolkar. Arkivlovaforskrifta krev periodisering for ein del arkiv (forskr. §§ 3-12 til 3-17).Føremålet med periodisering er å få eit systematisk oversyn over arkiva i høve til kva tidsperiode dei vart nytta. Periodisering vert nytta hovudsakleg på møtebøker, kopibøker, brevjournalar, saksarkiv. Arkiv ordna på objekt nyttar i regelen ikkje periodisering. Lengda på perioden kan variere alt etter serietype og storleik på den eininga som nyttar arkivserien. Perioden for saksarkivet er likevel fast. |