Glemt Passord?

Arkivskaparar og journaleiningar

Kommunen har eit sentralarkiv som skal vere arkivskapar for alle administrative einingar som er knytt til kommunen sitt sak-/arkivsystem. All journalføring og administrativ sakshandsaming skal skje i sak-/arkivsystemet, med unntak av personsensitive saker som skal førast i lukka fagsystem.

Sak-/arkivsystemet har ein felles database for journalføring og eit felles elektronisk arkiv for dei dokumenta som blir produserte. Kommuneadministrasjonen har felles papirbasert arkiv. Fellesarkivet skal dokumentere den politiske og administrative sakshandsaminga i kommunen.

Det kan knytast ei eller fleire journaleiningar til sak-/arkivsystemet. Desse er å rekne som einingar under sentralarkivet og har fullmakt til å journalføre inn- og/eller utgåande korrespondanse. Desse einingane er: Rådhuset (Løn- og personal, Økonomi, IKT Servicekontoret, Kultur, Teknisk og NAV), Stasjonen barnehage, Kolset oppvekst, Ålfoten oppvekstsenter, Svelgen oppvekst, Kalvåg oppvekst, Hauge skule, Davik oppvekst, Open omsorg indre, Open omsorg ytre, Bremanger sjukeheim og ... .

Avdelingar som har personregister som krev særleg sikring mot innsyn skal fungere som eigne journaleiningar for sine edb-baserte fagsystem. Desse fagsystema, med tilhøyrande manuelle klientarkiv, er likevel ein del av fellesarkivet. Følgjande einingar er journaleiningar for fagsystem: Sosialtenesta (fagsystem sosial), barneverntenesta (fagsystem barnevern).