Kommunestyret er kommunen sitt øvste styrande organ med 27 representantar. Ein har høve til å fylgja møta direkte ved å klikka seg inn på Bømlo kommune si nettside - Politikk - Kommunestyre nett-tv. I tillegg til kommunestyret, er den politiske leiinga samansett slik: Formannskapet med 9 representantar Frå 21. oktober 2019 vart utval for oppvekst, kultur og idrett og utval for helse og omsorg nedlagt. Nye utval vart oppretta: Utval for levekår 7 representantar, Utval for næring, innovasjon, idrett og kultur 7 representantar, Utval for natur, klima og miljø 7 representantar og Utval for areal og samferdsel med 7 representantar, i tillegg Eldreråd, Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, Ungdomsråd, Forliksråd og Kontrollutval. Frå 16. oktober 2023 vart utvalsstrukturen endra til: Utval for levekår 9 representantar Utval for areal og samferdsel 9 representantar Kontrollutvalet Naturbruksutvalet Eldreråd Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Forliksråd Ungdomsråd Ordføraren er kommunen sin fremste folkevalde og rettslege representant. Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet, representerer kommunen i ulike samanhengar og er bindeleddet mellom politikk og administrasjon. Lenke politiske utval: https://www.bomlo.kommune.no/politikk/ |