Glemt Passord?

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sine oppgåver

Vik kommune er med i kommunearkivordninga ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kommunearkivordninga er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane om arkivfagleg kompetanse og tenester. Det faglege ansvaret omfattar arkiv frå den tida kommunane vart oppretta og fram til i dag. Kommunearkivordninga handterer eldre papirarkiv både med omsyn til kommunal verksemd og forvalting, personmateriale, spørsmål kring moderne arkiv og arkiv og arkivorganisering, samt elektroniske arkiv.

Fylkesarkivet er depot for elektroniske arkiv og personregister/rettigheitsdokumentasjon for Vik kommune.