Glemt Passord?

Arkivtenesta sine oppgåver og ansvar

Arkivtenesta skal arbeide i samsvar med gjeldande lover og reglement, og arbeidsoppgåvene skal utførast på ein rasjonell og effektiv måte, slik at tilsette og publikum får den service og dei tenester dei har krav på. Tilsette på arkivet skal fylje rutinar for arkivtenesta, og kvar enkelt har ansvar for å vere oppdatert på nye rutinar i arkivplan.no og i Compilo.

Arkivtenesta har ansvar for den daglege drifta av sentralarkivet, dette vil i hovudsak vere:

- hente, fordele og registrere post

- innlasting av arkivverdig e-post i sak - arkivsystemet vårt, og vidaresende ikke arkivverdige e-postar

- kontroll av dagens postliste på nett

- innlasting av anna type elektronisk sending (Best/EDU og skjemamottak)

- rettleiing av sakshansamarar i sak - arkivsystemet (arkivleiar er superbrukar)

- halde orden i elektroniske saker og i papirarkivet

Arkivtenesta har ansvar for at alle dokument blir forsvarleg tekne vare på. Dei ikkje offentlege dokumenta skal avskjermast på rett måte elektronisk og oppbevarst i låste arkivskåp.

Arkivtenesta har ansvaret for at arkivmateriale, som blir lånt ut, blir registrert på utlån.

Arkivtenesta har ansvaret for at ikkje nokon oppheld seg / forsyner seg med arkivmateriale frå arkivrommet.