Glemt Passord?

Sakshandsamar sitt arkivansvar

Sakshandsamar er medansvarleg for at arkivet til ei kvar tid er ein oppdatert og effektiv informasjonsbase.
Sakshandsamar er ansvarleg for at alle saksdokument dei arbeider med blir arkivert. Dokumenta i ei sak skal haldast samla – og det skal vere samsvar mellom dokumenta som inngår i eit saksnummer i sak-/arkivsystemet.

Sakshandsamar skal difor:
· Dagleg søkje fram innboks og restansar i sak-/arkivsystemet.
· Kontrollere at mottekne dokument er registrert i journalsystemet og har rett saksnummer og sakshandsamar. Saksdokument skal journalførast før sakshandsaming kan starte. (jf. Arkivforskrifta §3-5)
· Kontrollere at alle sidene er innskanna korrekt i kvart dokument.
· Utføre offentlegvurdering og skjerme opplysningar i journalen som ikkje er offentlege.
· Ha ansvaret for at brev, telefaks, sms og e-poster som kjem direkte til sakshandsamar blir journalført i sak/arkivsystemet. Det kan lagast skriftlege avtaler om at personleg adressert post kan opnast av arkivtenesta.
· Sakshandsamar må sikre at mottekne e-postar kan handsamast også ved fråvær over lengre tid.
· All sakshandsaming skal skje i kommunen sitt sak/arkivsystem eller fagsystem. Absolutt ingen kommunale dokument skal lagrast i personlege filer/mapper.
· Sakshandsamar har løyve til å omfordele eigne saker og journalpostar til andre i eigen eining.
· Sakshandsamar har, der det er papirbasert arkiv, ansvaret for at saksdokumenta blir haldne samla så lenge saka er til handsaming, og ansvar for at saksmappa vert rydda for arkivuverdig materiale.
· Sakshandsamar kan ikkje låne arkivmateriale vidare til andre utan at dette blir registrert av arkivet.
· Sakshandsamar har sjølv ansvaret for ekspedering av utgåande brev.
· Før ein tilsett sluttar plikter han/ho å gå gjennom sine restansar og informere leiar om ubesvarte saksdokument.

Created by NXC AS