Oppseiing frå arbeidstakar:
Når ein tilsett seier opp stillinga, vert det oppretta sak i Acos - personalarkivet. Oppseiinga skal alltid vere skriftleg. Den tilsette får tilbakemelding. Gåve vert gjeve etter reglement for tilsette. Personen vert teken ut av personalarkivet og arkivert etter alfabet. Det gjeld ein felles oppseiingsfrist på tre månader frå og med første dag i pålfølgjande månad, dersom ikkje anna er skriftleg avtalt eller fastsett i tariffavtale eller lov, jfr. Arbeidsmiljølpva, §15-3 og Hovudtariffavtalen §3
Oppseiiing frå Vik kommune: Oppseiinga skal vere skriftleg. Arbeidstakaren kan krevje skriftleg grunngjeving for oppseiinga. Oppseiinga skal innehalde opplysningar om arbeidstakaren sin rett til å krevje forhandlingar og til å reise søksmål, og om fristane som gjeld. Før oppseiinga finn stad skal det drøftast med arbeidstakaren sin tillitsvald. Arkivansvarleg skal seinast ei veke før siste arbeidsdag, ha melding om oppseiinga. Arkivansvarleg skriv ut restanseliste og avsluttar brukartilgangar i sak/arkivsystema. Sakshandsamar skal gå gjennom restanselista og gje arkivet melding om kven som skal overta opne saker. Arbeidstakar som sluttar etter oppseiing skal ha skriftleg attest frå kommunen. Ansvarleg for attesten er tenesteleiar, og arbeidstakar får med seg attesten/tenestebeviset siste arbeidsdag. Attesten skal skrivast i Acos på personalsaka. |