Post - Helsetunet har sentralt postmottak, og det meste av posten blir levert internt med kommunen sitt postbud. Noko av posten blir også levert direkte på helsetunet. Posten vert motteken og opna i skranken, deretter vert posten fordelt på legane / helsestasjonen. - Det meste av posten innheld epikrisar og prøvesvar som blir gjennomgått av legane, og deretter lagt i pasientjournalane. Dei aller fleste epikrisane blir i dag sende elektronisk via Norsk helsenett. På Helsetunet blir all elektronisk sending som gjeld pasientar registrert i Winmed. Desse dokumenta blir ikkje skrivne ut. - Alle pasientar har elektronisk journal, medan ikkje alle har papirjournal. - Sakspost som skal registrerast i AcosWebsak vert returnert til sentralarkivet. Dersom saka gjeld til dømes ei klage, blir alle dokument lagt på pasienten si mappe. - Det blir skrive notat i pasientjournalen etter telefonsamtalar, til dømes mellom lege og pasient. Fagsystem Winmed - brukt til pasientjournalar og timebestilling - dokumenta blir ikkje skrivne ut - jornalane blir liggjande i systemet og blir markert når personen døyr eller flyttar (sjå sakshandsamar sine arkivrutinar) Wellsallyn - registrering av 24 t blodtrykk, EKG og spirometri - dokument blir ikkje skrivne ut (sjå sakshandsamar sine arkivrutinar) Arkivlokale - pasientjournalar blir oppbevarte i låsbare skåp i resepsjonen - godkjent og låst arkivrom i kjellaren på Helsetunet - alle dokument er organisert i arkivboksar og godt merka - myje ledig hylleplass - Helsetunet mottek pasientjournalar frå VBS når personen døyr - alle sjukepleiarjournalar blir avleverte til Fylkesarkivet 10 år etter at dei har gått ut av administrativt bruk - legejournalar blir ståande på arkivet på Helsetunet |