Glemt Passord?

Valsvik oppvekstsenter

Arkivrutinar for Valsvik oppvekstsenter

Daglege post- og arkivrutinar

1. Sakspost

Posten vert motteken på sentralarkivet, og arkivverdig post vert registrert i Acos Websak. Giroar blir lagt direkte til skanning. Resten av posten vert lagt i oppvekstsenteret si hylle, denne posten har oppvekstsenteret sjølv ansvaret for å hente.
Dersom sakspost vert levert direkte til skulen/barnehagen, skal denne posten sendast til sentralarkivet for registrering. All utgåande sakspost skal skrivast/registrerast i Acos Websak. Telefaks og e-post skal hansamast som vanleg post, og opppvekstsentra kan sjølv registrere e-post direkte i Acos WebSak. Personleg adressert post skal leverast uopna til vedkommande.

2. Elevdokument

Arkivverdig post som vert sendt/motteke av lærarane eller tilsette i barnehagen, og som gjeld enkeltelevar/barn, skal leggjast på elevmappa. Elevarkiv oppbevarast i eige låsbart skåp, og det skal lagast ei mappe per elev. Når elevane tek til på Flatbygdi skule i 7. klasse skal elevmappene fylgja elevane, og bli lagra i godkjende arkivskap der.

Elevmappa på skulen skal innehalde:

Gjeld alle elevar:

- Resultat frå kartleggingsprøvar og nasjonale prøvar

 - Vurderingsskjema etter foreldresamtalar / elevsamtaleskjema (haust/vår)

 - Varslingsbrev sendt til heimen (vurderingsgrunnlag, orden/åtferd, fråver)

 - Notat skrive av tilsette på skulen ( hendingar / observasjonar / telefonsamtalar)

 - Alle brev som gjeld enkelteleven (heim – skule, instansar)

 - Fråverssøknader

Tillegg for elevar med rett til tilpassa opplæring

- Tilråding frå PPT

- Søknad om ekstra timeressurs

- Vedtak om tilpassa opplæring

- IOP med halvårsvurderingar

Elevmappene skal oppbevarast i 10 år etter at materialet har gått ut av administrativt bruk, før avlevering til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kvar enkelt skule / barnehage må ta kontakt med sentralarkivet i Vik kommune når de ynskjer å avlevere arkivmateriale.

3. Klassedokument

Oversikt over elevar, og elevar med SFO-tilbod, skal takast ut kvart semester og oppbevarast i skulen sitt eige arkiv. Det skal opprettast klassemapper per klasse, som skal fylgje klassen gjennom alle skuleåra. Klassemappa skal innehalde:

- Alle brev og skriv som gjeld klassa

- Informasjonsskriv som vert sendt til klassa

- Referat frå alle foreldremåte (haust / vår)

- Dokument som gjeld klassemiljøet

- Klasseresultat på gjennomførte klassemiljøundersøkingar (t.d. trivselsundersøkingar / mobbeundersøkingar)

- Notat skrive av tilsette på skulen (t.d. om hendingar / tiltak som vert sett i verk)

4. Dokument som gjeld tilsette, skal sendast sentralarkivet, og arkiverast på personalmappa.

5. Innskriving av nye elevar, flyttemeldingar og skadeskjema skal journalførast i Acos WebSak