Arkivleiar sitt ansvar - Arkivleiar har eit operativt og fagleg ansvar for kommunen si samla arkivteneste, for arkivdanninga og for bevaring av arkivmateriale. - Arkivleiar skal sjå til at arkivverksemda er i samsvar med gjeldande lover og reglement og at arbeidsoppgåvene vert utført på en rasjonell og effektiv måte slik at brukarane får den service og dei tenester dei har krav på. - Arkivleiar skal rapportere til næraste overordna, og har plikt til å påpeike manglar og feil og sjå til at desse blir rettet opp. - Arkivleiar skal oppdatere arkivplanen, og lage og vedlikehalde rutinar for arkivarbeid i kommunen. - Arkivleiar skal ha oversikten over den daglege arkivjobben. - Arkivleiar har arkivfagleg leiaransvar for personale som arbeider med arkivarbeid. - Arkivleiar må halde seg oppdatert på lover, reglar og nye retningslinjer for arkivarbeidet. - Arkivleiar må løpande vurdere vedtekne retningsliner og ta dette opp med leiinga i kommunen. - Arkivleiar skal vurdere dei arkivfaglege konsekvensane i samband med nedlegging eller omorganisering av verksemder i kommunen. - Arkivleiar må ta tak i tilhøve som bryt med gjeldande føresegner om arkivarbeidet. - Arkivleiar skal syte for at nytilsette får naudsynt opplæring og instruksjon, og i tillegg skal det haldast jamnlege arkivkurs for alle sakshandsamarar i kommunen. - Arkivleiar skal halde seg orientert om arkivpersonalet/sakshandsamarane sine kvalifikasjonar og prestasjonar for å kunne gi naudsynt opplæring og instruksjon. - Arkivleiar skal oppbevare alle reglar og retningsliner som gjeld arkivarbeidet i etaten og syte for at desse er kjende for dei det vedkjem. - Arkivleiar skal sjå til at arkivmateriale til ein kvar tid vert handsama og oppbevart forskriftsmessig. - Arkivleiar har ansvaret for at alle aktive arkiv er med i arkivoversynet og at opplysningane der stemmer med realitetane. - Arkivleiar har ansvar for at det vert brukt elektroniske sak/arkivsystem som fylgjer offentleg standard. - Arkivleiar skal ha kontroll på at registrering og arkivering skjer i samsvar med vedtekne arkivnøklar. - Arkivleiar har ansvar for at det alltid er samsvar mellom arkivet sine databasar og det fysiske arkivet. - Arkivleiar har ansvar for at arkivavgrensing og kassasjon skjer i samsvar med gjeldande reglar. - Arkivleiar skal vere kommunen sitt bindeledd til Fylkesarkivet.
- Arkivleiar har ansvar for avlevering av personregistermateriale til depot hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
|