Glemt Passord?

Ansvar og instruksar

Rådmannen sitt arkivansvar

I kommunen er det rådmannen som har det overordna arkivansvaret
(jfr. Arkivforskrifta §1-1).

Arkivansvaret for skatteoppkrevjaren i Bremanger ligg til skatteoppkrevjaren sjølv.

Arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta og utarbeidar verksemdsplan. Godkjend verksemdsplan skal vere med i kommunen sin årsplan.

Oppdatering av arkivplanen

Arkivleiar skal ha melding om alle endringar i kommunen som kan ha verknader for arkivet i god tid før desse blir sett i verk. Arkivleiar har rett til å uttale seg om dei konsekvensane endringane kan få for arkivet.

Oppdatering av arkivplanen skal mellom anna skje når

  • det skjer endringar i post- og arkivrutinar
  • ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel
  • det blir teke i bruk ny arkivnøkkel
  • ei kommunal eining tek i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon.
  • kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta
  • det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval
  • det blir gjort vesentlege endringar i delegerte fullmakter
  • kommunale oppgåver blir overført til verksemder utanfor kommunen

Arkivleiar avgjer elles om det er behov for oppdatering av arkivplanen. Særleg er dette aktuelt når

  • det bli teke i bruk ny versjon av arkivnøkkel
  • det bli teke i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon