Den administrative organiseringa i Stryn kommune er bygd på ein såkalla trenivå-modell, dvs. kommunedirektør, kommunalsjef og avdelingsleiar. Kommunalsjef representerer kommunedirektøren innanfor sitt kommunalområde. Kommunen er organisert i tre etatar - helse og sosial, oppvekst, samfunnsutvikling, i tillegg sentraladministrasjonen. I sentraladministrasjonen ligg økonomi, service, kommunikasjon og IKT og HR. Kommunen si administrative leiargruppe: kommunedirektør, kommunalsjef helse og sosial, kommunalsjef oppvekst og kommunalsjef samfunnsutvikling, økonomisjef |
|