Denne skal vere retningsgjevande for dokumenthandsaminga i Sula kommune. Det overordna målet er å få ei kontrollert handsaming av posten slik at ein heile tida har oversikt over Sula kommune sin fullstendige dokumentproduksjon. Dette oversynet skal omfatte både arkiverte dokument og dokument som mellombels er oppbevart utanfor arkivet. Desse retningslinene er i tråd med forskriftene til arkivlova kapittel III. |